Free songs

Personleg treningsrettleiing Bjørn

Fysioterapeut Bjørn R. Andreassen tilbyr no personleg treningsrettleiing i Fjordtrim sine lokaler, individuelt, eller i grupper på opp til 3 personar.

Ved rettleiing til meir enn ein person bør disse helst ha same målsetting med treninga, anten det gjeld styrke, kondisjon, vektreduksjon eller idrettsspesifikk trening.

prsnligtrng

Timen varer i 60 minutt og inneheld gjennomgong av øvingar, treningsintensitet og progresjon i treninga. Tilrettelegging av personleg treningsprogram er inkludert i prisen.

Prisar:
1 person pr. time: 530,-
2 personar pr. time: 400,- (per pers.)
3 personar pr. time: 300,- (per pers.)

Ta kontakt med Bjørn R. Andreassen for bestilling av time eller meir informasjon
Tlf. 95785757