Det nærmar seg jul 

Alle som kjem heim i juleferien kan kjøpe seg «Julekort» som gjeld frå 18. desember til 2. januar.

Julekortet kostar kr 200. Dersom du ikkje har nøkkelband frå tidligare kostar dette kr 50 i tillegg.

Ein kan også vippse drop-in dersom du har nokon som kan låse deg inn på treningssenteret. Drop-in skal være betalt før du går inn på Fjordtrim. Det blir gjennomført kontrollar.

Kortet kan kjøpast i resepsjonen på Muritunet i kvardagar mellom 8.00-16.00 før 18. desember.

Kortet er personleg og all trening er på eige ansvar. Om du ikkje har mogelegheit til å kjøpe kort sjølv kan du få andre til å kjøpe det for deg, hugs å ta med band om du har!

Andre prisar på Fjordtrim er: Årskort 2900,- /+65 og student 2500,-. Månedskort 350,- /+65 og student 310. Drop in 90,-/+65 og student 70,-.

For spørsmål kontakt resepsjonen, tlf. 70258300 eller kontakt oss på facebooksida vår.