1. Treningsrommet er ope frå kl. 06.30 til kl. 22.00 alle dagar. Kl 22.00 må alle vere ferdige i garderobane, og ha forlate Fjordtrim.

2. Medlemskortet/nøkkelbandet er personleg og kan ikkje brukast av andre. Tapt kort må meldast snarast. Medlemskort må visast ved eventuelt kontroll.

3. Medlem f.o.m. 12 år t.o.m. 15 år kan bruke treningsrommet under oppsyn og rettleiing av eit medlem over 18 år. Maks antal mindreårige per medlem er 2 stykk. Barn under 12 år har ikkje tilgang.

4. Alle må ha innesko ved bruk av treningsrommet, også på spinning. Utesko tek du av i entreen eller i garderobene.

5. Vi ber deg å ta omsyn til allergikarar, noko som inneber moderat/ingen bruk av parfyme og liknande.

6. Rydd alltid opp etter deg, og sett på plass utstyr du sjølv har brukt. Tørk av syklar og kondisjonsapparat etter bruk.

7. Ein skal ikkje ta bilde eller filme i treningslokala.

8. All trening i treningssenteret foregår på eige ansvar.

Ved brot på reglane har Fjordtrim rett til å nekte medlemmer tilkomst i 2 månadar.

Takk for at du følger våre reglar.