Nokre av våre aktivitetstilbod har begrensa kapasitet og krev difor at du melder deg på timen.

Aktivitetar som krev påmelding er:

• Alle spinningtimar

• Step- og Pump

• Styrke LETT gymsal

• Økt under halvtimen

Påmelding skjer primært via vår booking system og timane blir normalt lagt ut her sju dagar på førehand. Dersom timen er fullbooka har du òg høve til å sette deg på venteliste. Du vil automatisk få ein SMS dersom du får plass på timen eller dersom timen blir avlyst.

Dersom du har meldt deg på ein aktivitet er siste frist for avmelding tre timar før timen startar. Av respekt for dei som ev. står på venteliste ber vi deg om å halde denne fristen.

Dersom du ikkje har tilgang til booking systemet kan du og melde deg på ved å ringe til : resepsjon på Muritunet, tlf. 70 25 83 00 eller kontakt oss på facebooksida vår Fjordtrim.

Seniortrim krev ikkje påmelding, der berre møter du opp med godt humør!

Velkommen!