Her kjem endeleg ei oppdatering frå Fjordtrim. Vi har dessverre måtte holde stengt i heile korona-tida, men ser endeleg håpet for å kunne opne igjen. Dersom smittesituasjonen ikkje aukar og held seg stabil vil vi opne Fjordtrim, i første omgang for dei over 18 år (pga. at dei under 18år ikkje er vaksinert enda) f.o.m. 20. september. Det vil bli restriksjonar i forhold til antal som får være i kvar lokasjon samtidig.
Nærmare beskjed i forhold til opning vil bli gitt når det nærmar seg 20. september og vi ser korleis smittesituasjonen er då.
Vi gledar oss mykje til å endeleg kunne opne igjen! 😊