Free songs
01
NOV
2019

Ny gruppetime: Økt under halvtimen

comment : Off

Fjordtrim testar ut ein ny gruppetime i november!

Vi startar opp søndag 3. november kl. 19.00, og timen heiter «økt under halvtimen».

Denne timen foregår i gymsalen, og det er ei økt der oss vil utfordre/trene både styrke og uthaldenheit ila 30 minutt. Det blir øvelsar med vekter, kroppsvekt, hoppetau, tau, kasser mm. Oss kjem til å ha ei kort oppvarming på ca 5 minutt, før ein kjapp gjennomgong av øvelsane, og så køyrer vi på!

Dette er ein time med høg intensitet, MEN du kan sjølv velge kor hardt du vil køyre det då øvelsane som regel blir utført på feks 40 sek arbeid med 20 sek pause.

November blir ein prøve månad, så det er viktig at du hiv deg med for å teste ut om dette er noko for deg, og for at oss får sjå om interessa er der for eventuell fortsettelse av timen.

No førstkomande søndag blir det Monica som skal ha økta, og etter det vekslar Julie og Monica på å ha timen annakvar søndag. Programmet blir variert, men med øvelsar som er overkommelege å gjennomføre. Oss kan kanskje sei at økta er litt crossfit inspirert, MEN ikkje la det skremme deg. Som sagt så bestemmer du sjølv kor hardt du vil ta det.

About the Author