Makspulstest på spinningsykkel onsdag 18/10 kl 18.00

Ved å vite din makspuls kan ei pulsklokke hjelpe deg med å trene riktig!

Hugs at makspulsen synk litt kvart år- derfor kan ein godt teste seg igjen sjølv om du har gjort det før.

Testen blir gjennomført etter ei god oppvarming på sykkel og vår gode motivator Monica skal hjelpe deg til å klare å pushe slik at maxpuls blir oppnådd.

Makspulsen din fortel deg det høgaste antal slag hjertet er i stand til å slå i løpet av eit minutt. Ved å vite din makspuls har du moglegheit til å regne ut forskjellige intensitetssoner ut i frå ønsket treningseffekt. Utan eit objektivt mål er det for mange vanskelig å anslå kor hardt kroppen arbeider og man kan dermed ende opp med å trene for hardt eller for rolig og dermed ikkje oppnå dei måla du ønskjer.

 

Velkommen til makspulstest!